Landbruksvikar

Landbruksvikar/sjukeavløysing

Per Rondestveit vart tilsett som landbruksvikar i Voss avløysarlag og maskinring frå begynnelsen av juni 2012. Laget har soleis fengje ein etterlengta kapasitet. Landbruksvikaren skal fyrst og fremst rykkja ut om det er trong for akutt sjukdomsavløysing. Men han vil og trå til dersom det er trong for anna avløysing.
Denne sumaren har landbruksvikaren vore innvolvert i bekjempelse av den lite ønska planta «Kjempespringfrø». Dette er eit prosjekt som vil gå over ein 3-års periode, både FM i Hordaland og Vegvesenet har bevilga midlar for å bekjempa Kjempespringfrø.

Ved sjukdom må medlemmane ikkje stussa med å kontakta laget, vår inetensjon er å stilla på kort varsel. Dagleg leiar bistår bøndene i utfylling av nødvendige papirer for å få refusjon fra Fylkesmannen i Hordaland, det er landbruksavdelinga i kommunen som er sakshandsamar. Gjeldande regelverk og søknadsskjema for refusjon finn dykk i linkane under.

» regelverk

» skjema