Prosjekt kjempespringfrø

Prosjekt kjempespringfrø

Fylkesmannen i Hordaland og Statens Vegvesen starta opp eit prosjekt 2012 med å bekjempa Kjempespringfrø i Voss kommune. Planta har sitt opphav frå Himalaya og er svartelista i Noreg. Norske Landbrukstenester har sidan sumaren 2012 vore ute i felten å bekjempa planten. Arbeidet vil fortsetja denne sumaren og det vil derfor verte aktivitet frå slutten av mai til utpå hausten.

Dei områda med størst aktivitet vil vera golfbana med omegn, sørsida av Vangsvatnet og Bulken Vestbygdi. Arbeidet består i å kontrollere det som vart bekjempa i fjor samt vidare bekjemping. Sprøyting er det mest aktuelle måten å bekjempa planta. Ved spørsmål kan dykk kontakte NLT Voss, tlf 40615400 eller Voss kommune, landbruksavdelinga, tlf 56519455.

Me er og interressert i tips frå publikum om dykk observerer planten. Bilete og meir informasjon vil dykk finna i linken under. Planten er fin, men den er som sagt svartelista i Noreg.

Me er og intressert i at dei som finn planter på sin eigedom gjer noko sjølve. Før planta er i blomst er luking ein effektiv måte å verta kvitt planta, ellers så er sprøyting eit effektivt verkemiddel.

» Meir informasjon finn du her